Family communication toolkit
Contacting Bjørgvin fengsel
A step-by-step guide for families using the Norwayprison system. Everything below is aggregated from public sources; the prison's own official channels are linked where available.
Data is aggregated from public sources and may be incomplete or out of date. Always verify with primary sources before acting on any figure. See data sources.
Send mail to Norway
Address block. Copy and paste into your envelope or shipping label.
Inmate Full Name Bjørgvin fengsel Olav Bjordalsvei 63 Vest Type enhet: Lavere sikkerhet Kapasitet: 90 Kjønn: Menn Lytt til teksten Stopp avspilling Kriminalomsorga region vest Bjørgvin fengsel ligg på Breistein i Åsane, i Bergen kommune og er eit fengsel med lågare sikkerheitsnivå. Fengselet har plass til 90 innsette fordelt på to avdelingar. Informasjon før gjennomføring av straffa Korleis kjem ein til fengselet? For å komme til Bjørgvin fengsel kan du ta buss nr 37 merka Breistein frå Åsane Terminal. Kva MÅ den dømde ha med seg? Personen som skal møte må ha med seg gyldig legitimasjon med bilete saman med soningsinnkallinga. Det forutsettast òg at ein tar med seg eigne klede. Kva KAN den dømde ha med seg? Den dømde kan ha med seg toalettsaker som såpe, barbersaker, tannbørste, tannkrem eller eventuelt kjøpe dette i fengselet sin kiosk. Kontantar kan ikkje medbringast til soning. Du kan ta med bankkort eller overføre penger til kontonr 5082.05.75870. Merk overføringen med innsette sitt namn og fødselsdato. Ta med kodebrikke til bruk i nettbank, Altinn etc. BankID på mobil kan ikkje nyttast. Alle medisinar som medbringast med inn i fengselet vil bli oppbevart og utlevert ved lauslating. Fengselet held innsette med naudsynt medisin under opphaldet. Ta derfor med eventuelle reseptar eller skriv frå handsamande lege. Det er ikkje tillate med privat TV, DVD, Mp3, Smartklokke, lagringseiningar eller brente CD-er. Berre analoge armbandsur er tillate. Fengselet har TV (13 kanalar) og DVD-spiller på alle rom. DVD filmar/Tv-seriar kan lånast i fengselet sitt bibliotek. Privat RiksTV kan nyttast ved bruk av RiksTV-kort og kortlesar. RiksTV-dekoder er ikkje tillate. RiksTV antennesignal finnast på alle rom. Dette utstyret kan berre nyttast på eige rom og ikkje i fellesskapet. Det er heller ikkje mogleg å låne bort private effektar til andre innsette. Ved innsetting vert det skrive ein kontrakt for bruk av RiksTV, der misleghald av kontrakten vil føre til inndraging. Kva får den innsette levert når han kjem til fengslet? Innsette vil få utlevert sengetøy og handklede. Informasjon under gjennomføring av straffa Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet? Ved oppmøte kjem du fyrst i mottakinga for registrering/visitering og får ein kontaktbetjent. Deretter vert du fulgt opp til rommet ditt der du vil få ein innkomstsamtale og deretter ei omvising i fengslet. Du vil få informasjon om daglege rutinar, arbeids-, skule og program tilbod som du kan nytte under soninga. Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet? Innsette kan ikkje ta med seg mat eller drikke inn i fengslet ved innsettinga. Fengslet sin butikk kan nyttast til kjøp av tobakk, snus, toalettsaker, dagligvarer osv. Fengselet sin butikk er open tysdag og fredag kvar veke. Kva for moglegheiter har den innsette for å bruke telefon? Innsette kan ringe fritt frå fengselet sine telefonautomatar innanfor telefonkioskens opningstider. Utgifter til telefonering må innsette betale sjølv. Kva kan den innsette ha av private ting på cellene? Innsette kan ha med seg eit begrensa antal klede og effektar. Skule og kurs Åsane vidaregåande skule har ansvaret for opplæringa i Bjørgvin fengsel og Bergen fengsel. Uansett kor lenge du skal vere, ta kontakt med avdelingsleiar eller rådgjevar på skulen for å få informasjon om utdanningsmoglegheiter både under og etter soning. Vil du ha kontakt med skulen før innsetjing, kan du ringe 98904993 / 55956900 og be om å få snakke med ein rådgjevar i fengselsundervisninga. Har du lese– og skrivevanskar eller andre former for lærevanskar; ta dette opp med skulen slik at du kan få lagt til rette for undervisning og eksamenar på ein god måte. Skulen dekker utgifter til privatisteksamen, er med på å leggje til rette for fagprøvar, hjelper til med søknader til vidaregåande skular og til høgskular og universitet m.m. Søknadsfristar: Vidaregåande skule 1.mars (særskiltsøknad 1. februar). Fagskole, høgskule og universitet 15. april. Oppmelding til privatisteksamen: 1. februar og 15. september Generell studiekompetanse: Om du ønskjer generell studiekompetanse, eller du berre ønskjer å friske opp kunnskapane dine, er det mogleg å følge undervisninga i disse grunnleggjande faga: engelsk, naturfag, matematikk, norsk, historie, samfunnskunnskap. Sjølvstudie: Skulen disponerer to sjølvstudierom. Bruk av desse vert avtalt med skulen. Bilfag: Eit digitalt kurs der du lærer alt om bilen frå A til Å. Restaurant og matfag: Teori og praksis innan utdanningsprogrammet restaurant- og matfag. Vg1, Vg2, praksiskandidat/fagbrev. Kosthald: Dette er eit seks vekers kurs der du lærer å lage alt frå tradisjonelle norske til internasjonale matretter. Du vil også lære om mellom anna næringsinnhald, ulike typar diettar, kosthald og trening, kosthald og ulike livsstilssjukdommar etc. Baking og bedrift: Her jobbar du med skulens elevbedrift ”Søtt og lekkert”. Du lærer ulike baketeknikkar m.m. Byggfag: Teori og praksis innan utdanningsprogrammet bygg- og anleggs-teknikk. Vg1, Vg2, praksiskandidat/fagbrev. Spansk: Begynnarkurs i spansk. Excel: Excel er eit reknearkprogram som kan vere svært nyttig. Her kan du lære alt frå å sette opp eit enkelt budsjett, til meir avanserte funksjonar som programmet har. Excel er eit veldig allsidig program, som kan ha mange forskjellige bruksområde. Dataassistert konstruksjon (DAK): Lær korleis du brukar digitale teikneverktøy, og korleis du kan bruke desse i til dømes 3D-printing. Digital biletebehandling: Her lærer du å bruke Photoshop, med moglegheiter til å redigere bilete. Alt frå klippe, lime, farge, skuggar osb. Det blir også ein eigen fototur til Akvariet, Fløyen eller liknande for å finne gode motiv. Friluftsliv/Treningsfag: Her har du moglegheiter til å få individuell trening, og rettleiing til å lage treningsplan. I vinterhalvåret er det ballspel i Åsanehallen. I sumarhalvåret vil det vere ei turgruppe, der ein mellom anna går turar på forskjellige fjelltoppar i distriktet. Sykkelverkstad: Reparere gamle syklar. Vedlikehald av syklar til bruk og sal. Sykkelverkstaden er også ei elevbedrift. Sykkeltrening ein gang i veka. Musikk: * Produksjon av digital musikk. * Opplæring i å spele eit instrument. * Bandøving (torsdag ettermiddag). * Individuell songopplæring. Skulen har også eit tilbod på Verftet i Bergen. Her kan ein delta i bandøving når ein er i frigangsposisjon. Workshop: Kvart år vert det arrangert teaterworkshop som òg omfattar ein tur på teater. Kurs Båtførarkurs: På dette kurset går vi igjennom alt du treng å vite om ferdsel på sjøen. Moglegheit til å ta båtførarbevis. Baristakurs: Fire dagars kurs som vert arrangert av Bergen kaffibrenneri. Kurset gir baristakunnskapar i cupping, brygging og smaking av forskjellige typar kaffi. I tillegg gir det innsikt i forskjellige typar bryggemetoder og kaffibrenning. Etter avslutta baristakurs, kan du jobbe i kafeen som barista/kaffivert. For påmelding, følg med når det kjem oppslag. Truckførarkurs: NAV/Toyota held kurs i skuleferiane. For påmelding, følg med når det kjem oppslag. Kva tilbod har fengselet? Filosof: Filosofen er ein samtalepartnar du kan snakke med om ting som er vanskeleg og utfordrande, og om du har tankar du ynskjer å setje ord på og reflektere over. Tema kan til dømes vere dommen din, identitet, endring, skam, forsoning, å reise seg igjen – det du har på hjarta. Filosofen tilbyr individuelle samtalar, men arrangerer òg filosofigrupper der ein reflekterer over sjølvvalte tema saman. Forfattar: Hos forfatteren kan du komme sjølv om du aldri har skrive ein tekst eller lest ei bok. Det blir tatt omsyn til den einskilde sine interesser og ynskjer. Skrivevanskar er inga hindring. Kva tilbod har arbeidsverksemda i fengslet? Arbeidsdrifta har mange typer arbeide å tilby deg. Har du særskilte interesser eller ferdigheiter er vi interessert i å få vite om dette, slik at kvardagen din kan bli mest mogleg meiningsfull for deg. Du kan sjølv velje kva du vil drive med dersom det lar seg gjere. Under følgjer ei oversikt over det vi kan tilby deg: Reinhald Vedlikehald Vaskeri Verktøybod Hundepass Bruk av maskinar Kjøkkenteneste Vaktmeisterarbeid Utearbeid Barista-kurs Kaffibrenning Keramikkverkstad Kva tilbod har fengselet til rusavhengige? Bjørgvin fengsel tilbyr Stifinnertiltaket, som er eit tverrfagleg tilbod til rusavhengige. Føremålet er å klargjere deltakaren til vidare behandling, og dessutan betre deltakaren si fysiske og psykiske helse. Det blir brukt mykje tid på fysisk aktivitet og målsettingsarbeid. Stifinnertiltaket blir drifta av eit team som er samansett av ulike faggrupper frå Kriminalomsorga, avdeling for rusmedisin ved Helse Bergen og Bergensklinikken. Kva tilbod fritidstilbod har fengselet? Treningsrom Tuftepark Frisbee-Golf Turløype Musikkrom Aktivitetsrom Biljard Bordtennis Brettspel Tilfredsstiller du krava til framstilling kan du delta i dei ulike fritidsgruppene. Gruppene har ein del aktivitetar som i hovudsak skjer utanfor fengselet sitt område. Sykkelgruppe Mosjonsgrupper Fotballgruppe Fjellturar Informasjon til vitjande Kva prosedyrar gjeld for vitjing til innsette? Vil du ha vitjing av vener eller familie i fengslet, må dei klarerast på førehand. Dei vitjande kan søke om vitjingstillatelse digitalt, ved å logga seg inn på kriminalomsorgens selvbetjeningsportal. Dette gjeld også ved bestilling av digitalt besøk. Gå til selvbetjeningsportalen Det er også framleis mogleg å søka vitjingstillatelse på papir. Last ned skjema om vitjingsstillatelse Dei vitjande vil dermed motta vitjingsstillatelse som du får en kopi av. Heile prosessen tar omtrent 14 dagar. Kva er vitjingstidene i fengselet? Fengselet har to vitjingsrom. Desse kan nyttast måndag, onsdag, torsdag, laurdag og sundag. Lengda på vitjinga er ein time per veke, og det er berre mogleg med ei vitjing i veka. Maks 5 personar samstundes. Vitjingsstider i vekedagane: 16:00 – 17:00, 17:15 -18:15, 18:30 – 19:30, 19:45 – 20:45. Vitjingstider i helgene: 10:15-11:15, 11:30-12:30, 12:45-13:45, 16:00 -17:00 Videovitjing: Måndag, onsdag og torsdag: 16:30-17:30, 17:45-18:45, 19:00-20:00 Laurdag og sundag: 10:45-11:45, 12:00-13:00, og 16:30-17:30. Bestille vitjing Vitjande kan bestille vitjing via mail. Send mail til [email protected]. Mailen må sendast frå ei mailadresse som er klarert for vitjing, og må innehalde namn på innsatte, namn på vitjande og forslag til tre forskjellige tidspunkt for vitjing. Mail vert besvart sporadisk på dagtid, måndag til fredag. Vitjing av utanlandske statsborgarar: Utanlandske statsborgarar skal òg søkja i sjølvbeteningsportalen. Utanlandske statsborgarar treng ikkje bank-ID, men må verifisera e-postadresse og telefonnummer før søknaden kan opprettast. Opplysninga i skjema kan bli send til politiet. Fengselet får på bakgrunn av dette, eventuelle merknader frå registera til politiet. Dette dannar grunnlag for vår vurdering om besøksløyve blir innvilga. Videovitjing: Som eit substitutt for fysisk vitjing er det no tilrettelagt for videovitjing med innsette. Reglar for gjennomføringa av videosamtalar følgjer gjeldande regelverk for vitjing i fengsel. Kva kan den vitjande ha med seg? Dei som skal vitje deg har høve til å ta med mat som skal etast under vitjinga. Medbrakt drikke er ikkje tillatt. Medisinar, fotoapparat, videokamera, mobiltelefon og pengar kan ikkje takast med av vitjande. Slike gjenstandar må avleverast før vitjinga startar. Det er høve for vitjande å levere effektar, men ikkje tobakksvarer. Tobakksvarer som medbringast må på lik linje som mat, kun nyttast under vitjinga. Effektar som skal til innsette leverast til tenestemann før vitjinga startar. Pengar må bli satt inn på fengselet sin konto via nettbank, vi tek ikkje imot kontantar. Korleis er tilhøve for vitjing tilrettelagd for born? Born under 15 år kan vitje fengslet saman med føresatte. Alle over 15 år må søke om eigen besøksløyve. Det eine vitjingsrommet er tilrettelagt for born med leiker, teiknesaker og spel med meir. Last ned brosjyre for barn som skal på besøk i Bjørgvin fengsel Meir informasjon om kva barneansvarlig i fengselet kan hjelpe med X Streamline Icon: https://streamlinehq.com X Bjørgvin fengsel (foto: Statsbygg) Kontaktinformasjon Penger til innsatte × Besøksadresse Olav Bjordalsvei 63. 5111 BREISTEIN Telefon 55 25 11 90 Epost [email protected] Post til innsatte Bjørgvin fengsel. Postboks 184 ULSET. 5873 BERGEN Postadresse Dokumentsenter, Postboks 694, 4302 Sandnes Fakturaadresse Kriminalomsorgen Bjørgvin fengsel, DFØ fakturamottak, postboks 4721, 7468 TRONDHEIM × Hva gjør en barneansvarlig? Alle fengslene og friomsorgskontorene har en egen barneansvarlig som skal passe på at alle barn som ønsker det, kan få informasjon om hvordan det er å være i fengsel. Stig er barneansvarlig i Agder fengsel, avdeling Mandal. I denne filmen forteller han om hva de barneansvarlige kan hjelpe deg med. Alle fengslene og friomsorgskontorene har en egen barneansvarlig som skal passe på at alle barn som ønsker det, kan få informasjon om hvordan det er å være i fengsel. Den barneansvarlige kan svare på spørsmål og skal sørge for at besøksrommet er et hyggelig sted å være når du besøker mamma eller pappa. De barneansvarlige kan mye om fengsel, og om barn som blir berørt av mors/fars straffegjennomføring. Ting du kanskje lurer på er for eksempel "er det min skyld, hvorfor gjorde mamma eller pappa noe kriminelt, har mamma eller pappa det bra i fengselet, tenkte de ikke på meg da de gjorde noe galt, hvordan har mamma eller pappa det i fengsel, er det bare tyver som soner en straff, hvem er den damen og mannen som kommer hjem til oss av og til og snakker med pappa eller hvorfor har pappa en ring rundt foten sin? Har du spørsmål, kontakt barneansvarlig i det fengselet eller friomsorgskontoret der far eller mor gjennomfører straff. × × Søk om besøksklarering Pårørende som ønsker å besøke innsatte ved kriminalomsorgens enheter må klareres før besøk kan gjennomføres. Pårørende som ønsker å besøke innsatte ved kriminalomsorgens enheter må klareres før besøk kan gjennomføres. Opplysningene som oppgis i søknadsskjemaet blir sjekket med politiet for kontroll av vandel, og danner grunnlaget for vår vurdering om besøkstillatelse blir innvilget. Norway
Country-wide mail rules
- · Standard postal mail; minimal screening except for high-security inmates.
- · Books and magazines accepted via standard post.
- · Cash not accepted by post.
Send money (NOK (kr))
- Inmate account — Kriminalomsorgen
Bank transfer to the prison's account; reference the inmate's name.
Phone calls
- · Inmates have reasonable phone access; calls pre-approved per recipient.
- · Halden and similar facilities have in-cell phones.
Visiting
Book a visit: Kriminalomsorgen visit portal
Online or by phone; children's visit rooms and overnight private family visits available subject to assessment.
Country-wide visiting rules
- · Photo ID required.
- · Visits are friendly and family-oriented; overnight stays for partners possible at most facilities.
First-visit checklist
- Photo ID
- Visit confirmation
- Books or small gifts (allowed in most facilities)
Legal aid
Important
This toolkit aggregates publicly available guidance. Rules vary by facility and change over time — always confirm with the prison's official contact channels before sending mail, money, or attempting a visit.